
19:00 - 22:00
Nesvegen 184, Fister, Norge
Femretters kvelds med vinsmaking, håndtverksbrød, sjømat, ost, frukt og bær … der gode smakar møtest rundt same bord. Velkommen til ein smakfull kveld i Løa i Tønnevik! Denne kvelden møtest handverksbrød frå Timmermann's Bakeri og Landhandel, internasjonalt prisbelønte ostar frå Ryfylke Gardsysteri, smakfullt pålegg og fem nøye utvalde vinar rundt same bord. Bakar og kokk Frode Helberg og vinformidlar Harald Sværen Hjulstad frå Vininor tek deg med gjennom ei smakfull oppleving der lokale råvarer, godt handverk og gode historier står i sentrum. Handverksbakt brød Vi får besøk av det nystarta Timmermann's Bakeri og Landhandel på Hjelmeland. Frode Helberg tek med seg eit utval av sine handverksbakte brød – baka med lidenskap, gode råvarer og tradisjonelt handverk. Lokal ost og godt pålegg, sjømat, frukt og bær. Brødet blir servert med premierte ostar frå Ryfylke Gardsysteri i Hetlandsbygda, saman med anna smakfullt pålegg. Kortreist, ekte og av høg kvalitet – slik skal det vere. Fem utvalde vinar Harald Sværen Hjulstad frå Vininor har sett saman fem vinar som passar spesielt godt til brød, ost og pålegg. Undervegs fortel han om vinane, kvifor dei harmonerer med smakane, og om menneska og historiene bak kvar flaske. Dette kan du glede deg til: • Fem nøye utvalde vinar • Handverksbrød frå Timmermann's Bakeri og Landhandel • Ostar frå Ryfylke Gardsysteri og anna smakfullt pålegg • Forteljingar om råvarer, handverk og vin • Ein sosial og uformell kveld med gode smakar og godt lag Fredag 7. august klokka 19.00 Velkommen til bords! Se mindre